2 lag frå Hallingdal i finalekamp
Laget frå Geilo barne- og ungdomsskole. Foto: Mari Viko

2 lag frå Hallingdal i finalekamp

19 lag frå ulike skoler i Buskerud er klare for finalen som går onsdag 8. februar
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 03.02.2017 20:44
Sist oppdatert : 03.02.2017 21:54

Laget frå Geilo består av Mari Valdersnes, Ine Marie Misund, Maria Mylius, Sondre Søndrål Slettemoen og Jonas Haugen. Deira prosjekt heiter Barnas matkasse EB. Matkasse deira består av sunne og næringsrike råvarer og oppskrift til lunsjrettane følgjer med. Den er tilpassa barn i alderen 6 til 16 år.

Det andre laget er frå Hemsedal barne- og ungdomsskole og består av TOmas Roteigen, Anne Skølt, Morten Hagen, Kaisa Tomaniak. Clue Card elevbedrift heiter deira ide som går ut på å få til eit bankkort som viser kor mykje ein har på kortet ved hjelp av ein liten skjerm og fingerscan.

Dommarar frå lokalt næringsliv vil gjennom dagen bedømme alle elevbedriftene. Det er Ungt entrepenørskap som arrangerer denne tevlinga.

!Hemsedalslaget. Foto: Mari Viko

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS