LYTTERGAVE

LYTTARGÅVE 

Radio Hallingdal går no inn i sitt 39. år som lokalradio for Hallingdal og Nore og Uvdal.  

Me ynskjer og kunne fortsetje med å fylle sendeflata vår med kommunestyremøter, spørjekonkurransar, påskesendingar, intervju, bingo og annan underhaldning til våre lyttarar.

Spørjekonkurransa  "Kven veit mest?" for 6. klassingar, der alle skulane i Hallingdal deltek, går tysdagar fram til uti mai.  DJ Mix med Tage Slettemoen blir sendt fyrste fredagen i månaden.  Musikkprogram GNIST kor Borgar Storebråten intervjuar artistar frå Hallingdal. Hallingportrettet presenterar personar frå vårt dekningsområde på onsdagar. Kor onsdag er det bingosending kl. 20.00 og me er allereie i gang med å planlegge årets påskeradio med sendingar heile påskeveka.  

I tillegg blir alle kommunestyremøter i Hallingdal sendt på både radio og nett- TV. 

Radio Hallingdal har ingen kommunal eller statleg støtte. Radioen er  avhengig av lyttargåver, bingospelarar og bidrag til auksjonar og reklame i Påskeradioen. Tusen takk til enkeltpersonar og næringsliv  for at me har ein Radio Hallingdal! 

Me håpar du vil bidra til at Radio Hallingdal kan skape god underhaldning framover. Alt av store og små bidrag kjem radioen til nytte. 

Alle lyttargåver går i sin heilheit til drift av Radio Hallingdal. 


Følg oss på Facebook og få dei nyaste oppdateringane frå Radio Hallingdal.

Programoversikten til Radio Hallingdal finn du i Hallingdølen og alltid oppdatert på heimeside www.radiohallingdal.no, der finn du også link til nettradioen vår. Nettradioen kan du lytte til uansett kor i landet du er. 


DU FINN OSS PÅ FM: Hol 106,7 • Hovet 105,6 • Sudndalen 104,1 • Geilo 107,9 • Skurdalen 104,9 Dagali 107,7 • Ustaoset 105,3 • Ål 106,7 • Vats/Leveld 104,5 • Torpo 104,1 • Gol 101,3 • Hemsedal 105,6 • Nesbyen 102,9 og 107,8 • Flå 105,9 • Golsfjellet 103,8 • Nore og Uvdal 103,6, Rødberg 106,3

På nettradio: www.radiohalllingdal.no 
Eller last ned appen Tunein.
 

Kontonummeret vårt er: 

2333 22 52283

 

Vipps 

584942


Takk for at du støttar lokalradioen din!

Siste nytt:

Hemsedal møter Nesbyen

Hemsedal møter Nesbyen

(10.04.2024 - 23:20)
Svar på årets siste

Svar på årets siste

(31.03.2024 - 20:55)
Oddvars påskerebus

Oddvars påskerebus

(28.03.2024 - 15:15)
HALLINGSKATTEN onsdag

HALLINGSKATTEN onsdag

(27.03.2024 - 20:55)


Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS