
Gol versus Geilo
Det var som vanlleg to smånervøse lag som møtte kvarandre på kommunehuset Gol tysdag kveld. Dette var siste omgang i 2019 og det står att to omgangar til før alle kvartfinalistane er på plass.
Like fram til dei siste 4 spørsmåla veksla det ofte om kven som hadde leiinga. Så var det Geilo som leia med eitt eller to poeng, like etter var det snudd om. Men på slutten viste det seg at Gol var den seigaste og dei drog sigeren i land med 5 poengs leiing.
Programmet gjekk i opptak pga kollisjon med kommunestyremøtet i HEmsedal. No viser det seg at opptaket er heilt øydelagt pga teknisk svikt og det blir derfor ikkje sendt noko kl 15 i dag onsdag slik som lovd. RH beklager dette sterkt, noko slikt har ikkje skjedd oss før, men no kom det!
Geilolaget: Frå v: Andrea Trillhus Kjemperud, Delina Tøsdahl-Fenne og Ylva Marie Eide Sataøen.