
Karavanen med bilar og mannskap som får Norge nå på lufta. Foto frå NRK nettside
Norge nå med sending frå Hol ysteri
NRK si storsatsing Norge nå, som reiser landet rundt og har direktesendingar, dukkar i april opp i Hol.
Onsdag etter påsken - 24. april riggar dei studio i Hol ysteri for å laga direktesending derifrå. Det er vel rimeleg at sendinga denne kvelden kjem til å dreie seg om produksjon av ost på mindre ysteri med diverse gjester. Sendinga startar litt over 20 og varer normalt ein god halvtime. Gjesteliste og innhald ellers skal ikkje vi råpe - det kjem nok NRK med når det nærmar seg sending!