Idrettsstipend til Robert Andre Ruud
Ål kommune sitt idrettsstipend til Robert Andre Ruud som fikk stipendet på 21 års dagen sin.

Idrettsstipend til Robert Andre Ruud

Idrettsstipend til lovande twintipkøyrar delt ut på kommunestyremøtet i kveld.
Kultur
Rita Stavn
Publisert : 15.12.2016 21:47
Sist oppdatert : 15.12.2016 22:15

 

Det var Ola Terje Oleivsgard, leiar i Sektorutval for kultur og oppvekst som overrekte stipendet, og her er talen hans: 

Ål kommune sitt idrettsstipend for ungdom bli for året 2016 tedelt ein utøvar som allereie ha nådd langt i idretten sin, og eit samrøystes Sektorutval samla se om denne personen, som også var innstillinga frå Ål idrettsråd. Utøvaren er så godt som 21 år, fyller faktisk det i dag, og har markert seg på eit høgt nivå i ulike konkurransa over fleire år no. Me er innan alpin-sjangeren, og litt som i kulturstipend-tildelinga handlar det også her om karstykkje; for Twintip køyring er basert på triksing på ski, med hopp og diverse krumspring på rails.

 Av gode plasseringar er lista lang, me nemner dei aller beste; tredje plass i Junior-VM i 2014, norgesmeister i Big Air i 2015. I år kom den fyrste seiern i eit Norgescup-renn, det va i slopestyle i Drammen, andreplass i Norgescupen samanlagt vart det også, det vart seier i Høkkers invitational i Vågå og etter det like godt kongepokal i NM, i slope style rennet der. Utøvaren har tidlegare vore på juniorlandslaget, kjempar no om plass på seniorlandslaget og er for 2017 lova deltaking i world-cup renn. Så her bli det høvu te å markere seg ytterlegare i tida som kjem.

Me har også merka oss at stipendvinnaren engasjerer seg i rekrutteringa i Ål, ved å vera med på å starte twintipklubb i lag med alpingruppa og bidra på trenarsida her og hjelpe til med å setja opp element og køyre ilag med yngre utøvarar. Slik går idrettsgleda ilag med engasjement for lokalmiljøet. Alt dette er gode grunnar for å få tildelt idrettsstipendet.   

Ål kommune vil med dette få ynskje til lykke med dagen, me bør vel ikkje si break a leg, … men derimot lykke til med vidare framgang og gratulerer med idrettsstipend for 2016 til Robert Andre Ruud.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS