
160 tonn tung stein knuste eldhus i Hovet
Hol brannvesen fekk melding 6 minutt over halv tolv natt til onsdag om at eit lynnedslag hadde øydelagt eit uthus på Teigen i Hovet. Då brannmannskapa kom fram, vart dei møtt av eit anna syn. Like inntil vegen låg ein kjempeblokk av ein stein, oppe i tunet så dei reister etter det som hadde vore eit nyresaturert eldhus. Etterkvart viste det seg at steinblokken hadde løsna om lag 300 meter oppe i berget bakom garden og hoppa og rulla nedover og teke med seg alt på sin veg. Det knuset huset ligg om lag 10 meter frå bustadhuset der det oppheldt seg to personar. Dei vart ekvakuerte, det same vart 2 personar som budde i eit hus ligg lenger nede.
Då RH var på staden onsdag formiddag var geolog Kalle Kronholm frå Ål på staden og undersøkte rasområdet. Ei førebels vurdering tyder på at det kraftige regnet tysdag kveld har løyst ut raset. Blokken som har løsna har vore kanskje 3 gonger så stor som den som til slutt enda på jordet, den mista deler på vegen. Men den veg antydningsvis om lag 160 tonn likevel!
Utover onsdag blir det foreteke fleire undersøkingar og vurderingar i forhold til om når dei evakuerte kan få flytte tilbake.