Solhov utnemnt som årets norske juleplate
Foto: Isa Holmgren

Solhov utnemnt som årets norske juleplate

Musikk
Publisert : 14.12.2023 18:08
Sist oppdatert : 14.12.2023 18:24

"Den beste juleplata kom frå folkemusikken også i år."

Dette seier Torkjell Hovland, anmeldar for Ballade, om utgjevinga Solhov. 

Det er geilomusikarane Solfrid Nestegard Gjeldokk og Espen Wensaas som står bak denne utgjevinga. Med seg på produksjonen har dei også med seg Lars Inge Tverberg på tråorgel og Johan Hedin på nøkkelharpe. Solhov er deira fyrste felles plateprosjekt.

"Solhov er bunnsolid". Ballade si platemelding 12. desember er full av lovord om plateprosjektet, og Hovland seier mellom anna dette: "Frå første siste tone er vi i det same rommet. Og vi vil ikkje ut."


Les heile meldinga her: https://www.ballade.no/jazz/assosierer25/

Solhov vart gjeve ut 1. desember på Talik Records og markert med plateslepp konsert på ungdomshuset Solhov på Ål same dag. 


Espen Wensaas, Lars Inge Tverberg og Solfrid Nestegard Gjeldokk er alle musikarar frå Geilo, og har i gjennom mange år samarbeidd på ulike musikalske prosjekt i Hol kommune, og ofte kring høgtider som jul, nyttår og påske, og dette dannar grunnlaget for deira felles repertoar. 

Solfrid Nestegard Gjeldokk (f.1987) er folkesongar, med repertoar frå Hallingdal og Telemark. Ho har studert på Ole Bull akademiet og har òg jobba mykje innanfor både korsong, viser, jazz, og pop. Solfrid N. Gjeldokk har stor kjennskap til religiøse folketoner og salmer, og er ein røynd solist. Ho arbeider til vanleg som rådgjevar i FolkOrg – organisasjon for folkemusikk.

Espen Wensaas (f. 1986) er ein vel etablert og anerkjend musikar innanfor folkemusikk og tradisjonsmusikk. Han turnerer, produserer og opptrer regelmessig både innanlands og utanlands. I tillegg til å vera kjend som mulitinstrumentalist er han òg ein av Noregs leiande utøvarar i folkemusikk på gitar, cittern og mandolin. Han er òg den fyrste som har teke mastergrad i utøvande folkemusikk på gitar ved Norges Musikkhøgskole.

Johan Hedin (f. 1969) er svensk folkemusikar og ein leiande utøvar på nøkkelharpe. Han er kjend som både soloutøvar og gjennom fleire grupper som til dømes: Nyckelharporkestern, Trio Patrekatt, Bazar Blå, Luftstråk, Silfver og Hazelius & Hedin. Hedin spelar både tradisjonell og nyskapande folkemusikk. I tillegg til å spele tradisjonell nøkkelharpe eksperimenterer han òg med andre ulike former av instrumenter, som til dømes luttnøkkelharpe og tenornøkkelharpe.

Lars Inge Tverberg (f. 1972) er organist og kyrkjemusikar i Geilo Sokn. Han har tidlegare jobba som menighetsmusikar og vore tilknytt ungdomskoret Geilogospel i fleire perioder, mellom anna i perioden 1990 – 1994 og perioden 1999 – 2006, der han har fungert som dirigent og musikalsk leiar. Gjennom sitt arbeid som menighetsmusikar har han vore involvert i fleire større musikalske oppsetjingar, mellom anna bestillingsverket «Hallingskarvet» til tusenårsskiftet og opningskonserten til Geilo Kulturkyrkje i 2010. Han har sidan 2015 vore fast tilsett som organist i Hol kommune.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS