Julelåt fra Sunniva Fossly
Illustrasjon av Søren Hawkes

Julelåt fra Sunniva Fossly

Aktuelt
Publisert : 08.12.2023 17:43
Sist oppdatert : 08.12.2023 17:48

Det har vore mørkt lengje no. Ikkje berre ligg slapset tjukt og vått, men krig og uro breiar om seg. Då jula ringte inn i 1914 var soldatane på fronten langt heimefrå, kanskje og langt frå seg sjølv. Prega av høgtid oppsto det spontan våpenkvile. Dei kravla opp av dei kalde skyttergravene og møttest i ingenmannsland. Spelte fotball, bytta aviser, såg kvarandre i auga. Denne historia er sterk og seier noko om kva vesen me eigentleg er. Nokre stader tok ikkje skytinga til igjen før 1. januar. Det vart aldri våpenkvile i 1915. Heller ikkje seinare. Korleis skulle det tatt seg ut? Soldatar som helst vil sleppe å kjempe. 

Julefred 1914 er ei julevise som skrubbar litt i bringa når du ser utover nattehimmelen. Som gjer deg glad du er heime. Helst skal den også gi håp for fred og forsoning, at me alle kan sjå kvarandre i auga til slutt. 

Låtskrivar Sunniva Fossly fra Hovet formidlar om livet på hallingdialekt, gjerne gjennom bilete frå naturen. Lydbiletet er varmt og akustisk, tekstane nære. Julefred 1914 vert slept på digitale flater 8. desember jula 2023. Dette er hennar fyrste singel.  Sunniva akkompagnerer seg sjølv på piano. Ramona Fossly speler gitar, Trym Gjermundbo speler trommer, Margrete Wilhelmsen legg kor, medan Tormod Vold Mikkelsen er produsent og speler bass. Mastring er utført av Morgan Nicolaysen. 

Nydeleg cover art er utført av kunstnar Søren Hawkes som også jobbar som guide i Ypres i Flandern der skyttergravene kravde store offer under fyrste verdenskrig. 

Hør låta her;

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS