Skiulykke i Hemsedal, innbrot på Nes, brann på Geilo.

Her er litt frå politiloggen påskeeftan:
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 15.04.2006 19:33

Her er litt frå politiloggen påskeeftan:

1235: Meldt om at det i løpet av natta har vore innbrot i Nes idrettshall. Det er stole ein god del utstyr frå styrketreningsrommet og saka er anmeldt.
1304: Ein gut på 18 år hoppar på eit hopp i Hemsedal skisenter men er uheldig og landar på hovudet og blir liggjande, Han blir funnen av andre, og etter ein sjekk på lokalt legekontor blir han sendt til Ullevål for grundigare sjekk av hovudet.
1405: Ved Geilolia skisenter blir det observert full fyr i ein container. Brannvesen rykker ut og får slokt brannen og sjekking i ettertid tyder på at det er ein eingangsgrill som er kasta opp i containeren som er årsak til brannen.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS