Fyll og bråk.

Natt til skjærtorsdag vart ei travel natt for dei som skal passe på lov og orden her i dalen.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 13.04.2006 10:28

Natt til skjærtorsdag vart ei travel natt for dei som skal passe på lov og orden her i dalen.

Her ein kortversjon av politinatta i Hallingdal:

0035: EIn mann på Gol sit og slappar av, brått høyrer at det singlar i glas og det viser seg at ein person kastar ei flaske mot glasruta i 2. etasje og ruta blir knust - anmelding ventar.
0049: 3 personar må visast bort ei kø framfor eit av etablissementa i Hemsedal.
00.55: Bråk på Pernille ved Pers hotell - 1 person hamnar i arresten:
01.31:Slåsskamp inne på Dr Holms hotell. Urokråka er lite samarbeidsvillig og må overnatte i arresten på Geilo.
01.44: Ein person blir rundjula på Fanitullen i Hemsedal. Politiet finn ein dritings person på rommet og rommet er endevendt og det som kan knusast er knust. Ny mann i arresten på Gol.
02.11: Krakilsk person må leggjast i jern. Narko blir funne, personen må leggjast i jern.
02.27: Brysom person i Hemsedal blir fjerna - roar seg ned:
03.04: Bergensarar som bur på ei bedrift på Gol blir plaga av hallingar som ikkje likar folk frå Bergen. Bergenserane må flytte til anna hotell.
03.45. Bevissstlaus kvinne blir funne på toalettet på Dr. Holms. Ambulanse blir tilkalla - kvinna har levert det meste av innhaldet i magesekken på golvet omkring seg, blir etterkvart sendt heim i drosje.
04.13: Dørvakt på Dr. Holms blir skalla ned. Utøvar blir tauga inn - anmeldelse ventar.
07.07:Det blir meldt at det har foregått tagging på eit par av overnattingsbedriftene i Hemsedal - anmeldelse ventar.
07.10: Ei glasrute på Tunkiosken Geilo blir knust. Anmeldelse ventar.

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS