Fylkesmannen om Uthusslåtta.

Miljøvernavdelinga i Buskerud har vurdert planane på Uthusslåtta og er ikkje heilt nøgd med det dei har sett.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 20.03.2006 16:13

Miljøvernavdelinga i Buskerud har vurdert planane på Uthusslåtta og er ikkje heilt nøgd med det dei har sett.

Landbruks- og næringsavdelinga har ingen merknad, men Miljøvernavdelinga meiner at sett i forhold til dei verdiane som er knytta til landskapsopplevingar og allment friluftsliv ved Geilo at det vil vera uheldig å tillate mønehøgder på 10 - 12 meter i dette området. Dei syns heller at det er naturleg å trappe høgda på bygningsmassen når ein kjem mot ytterkantane og byggeområda i overgangen til dei grøne områda.
Miljøvernavdelinga skriv også at dersom dette prosjektet er ein del av eit større prosjekt som føreset endringar i kommundelplanen for Ggeilo så bør heile prosjektet utsetjast til kommundelplanen er nærare avklart og då må det også vurderast i forhold til kravet om konsekvensutgreiing.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS