Roleg folkemøte i Hemsedal.

Om lag 40 møtte fram til det annonserte folkemøtet omkring juleståken i Hemsedal og det vart i følge ordføraren, eit roleg møte.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 07.02.2006 14:04

Om lag 40 møtte fram til det annonserte folkemøtet omkring juleståken i Hemsedal og det vart i følge ordføraren, eit roleg møte.

Dei 40 frammøtte hadde få spørsmål å stille etter at turistsjef Gunn Eidhamar, Trond Østby frå Hemsedal skisenter og lensmann Per Egil Garborg hadde lagt fram sine tal og saksopplysningar.

Ordførar Grøthe tolkar forsamlinga slik at dei som bur i Hemsedal no stolar fullt og fast på at dei som skal ta tak i utfordringane når det gjeld Hemsedal og turistar, også gjer det.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS