Rv.50 nattopen også etter nyttår.
Det er no klart at det blir same brøyteopplegget for Rv 50 etter nyttår også sjøl om det ikkje er tilført ekstra midlar til vegen.
Seksjonssjef Eivind Yttri ved Statens vegvesen i Sogn seier til RH at det er gjort klart frå direktoratet at Rv 50 skal vera nattopen men utan kolonne om det skulle vera behov for det på natterstid. Då blir vegen stengt, men skal så sant været tillet det, vera open for fri ferdsel eller kolonnekjøring kl. 0800. Bruken av kolonne skal ikkje vera knytt opp mot stengt rv.7 som det var for 2 vintrar sidan.
Det har inntil no vore stor usikkerheit om korleis brøyteregimet på Rv 50 ville bli etter nyttår då det ikkje var noko om dette i statsbudsjettet.