Tidenes beste NM sesong i rally.
Slik det no ser ut så blir det ein toppsesong for rallyfolket her på berget i 2006,og det heile startar i Hallingdal.
14. januar går startskotet for Mountain Rally Norway på Gol med eit av dei største startfelt som til no har vore, melder Halgeir Raknerud, pressesjef for rally - NM. Regjerande mester, Thomas Schie kjem med ny bil neste år, frå Toyota til Ford FOcus. To "coming stars", Anders Grøndal(21) og Mads Østberg(18) stiller begge med Subaru Impreza som ein del av den største satsinga Subaru importøren nokon gong har gjort.
Mountain Rally Norway er 273,6 km langt, avslutninga er ei 950 meters publikumsetappe ved Golsfjellet fjellstue der publikum vil kunne følge bilane heile strekka.
Og Radio Hallingdal er som før Rally Radio denne helga!