Vil ikkje selja areal på Ustaoset.
Rådmannen rår politikarane til ikkje å selja eit areal i Ustaoset sentrum.
Det er Stein Vindegg som har søkt om å få kjøpt eit areal som i si tid vart kjøpt av HOl kommune frå Torleiv VIndegg for 65 000 kr i 1984. Vindegg vil helst kjøpe heile eigendommen, men kan også vera nøgd med å få ein del av den som ligg nord for avkjøringa til bustadfeltet. Eigendomen er på 4434 m2.
Kommunalteknisk avdeling uttaler at sal kan finne stad med visse atterhald, plan og byggesaksavdelinga rår frå at kommunen sel dette arealet. Dette serleg fordi kommunen har betydlege problem som ikkje er løyst i det aktuelle området.
Vindegg ønskjer å bruke arealet til å organisere dagsparkeringa i området. KOmmunen bruker eigendomen i dag til kommunaltekniske anlegg av ymse art, og er skeptiske til å selja unna slikt areal. Derfor kan rådmannen ikkje rå til at noko sal blir sett i verk.











