Hemsedal ysteri sikra midlar til drift.
Alle partar har gått inn med dei forespurde pengane slik at Hemsedal ysteri as no er sikra for ei tid framover.
Formannskapet i Hemsedal har mot Høgre si røyst gitt eit lån på 75 000 kr under vilkår av at Hemsedal ysteri as finansierer det resterande kapitalbehovet på 225 000 kr.
Det er alt i orden, både Innovasjon Norge og andre har tru på at Hemsedal ysteri no er i god framgang. Innovasjon Norge har gått inn med 150 000 kr og Sparebank 1 Hallingdal med 75 000 kr og dermed er alt på plass. Ordførar Oddvar Grøthe seier til RH fredag at det no blir foreteke viktige marknadsundersøkingar og det er utsikt til avtale med ei større kjede om å ta inn produkta frå Hemsedal ysteri as. Drifta er i ferd med å koma i balanse og det er god von om at det halve året som no er sikra gjennom den siste kapitalinnsprøytinga vil avklare det som trengs for å sikre vidare drift.