Tømmer frå Hallingdal på jernbanen.
![]() |
| Foto: Njål Svingheim |
Jernbaneverket melder at det frå februar 2006 blir eitt tømmertog frå terminalen på Nes kvar veke fullasta med tømmer.
Det var i si tid stor motstand frå Hallingdal då transporten av tømmer vart lagt om frå tog til bil, men no kjem toget attende.
Transporten av gods på tog aukar. No går det 6 godstog kvar veg pr døgn på Bergensbanen, og det siste toget er i ferd med å bli fullasta også, slik at det no blir vurdert å setja inn enno eit "trailertog" mellom OSlo og Bergen.
Persontoga på Bergensbanen får frå februar 20 minutt kortare reisetid mellom Oslo og Bergen og det tidlege dagtoget som no går 14.47 frå 2 timar tidlegare avgang med unntak av på fredagar då den blir som no.












