"Løglege skruvar og kjende folk i Hemsedal"

Hemsedal Gjennom Tidene lanserer si tredje bok 28. november. Små smakebitar får du på Radio Hallingdal. Den første allerede i kveld, og det er redaktørane Kjell Snerte og Ola Fauske som startar.
Kultur
Rita Stavn
Publisert : 18.11.2005 21:10

Hemsedal Gjennom Tidene lanserer si tredje bok 28. november. Små smakebitar får du på Radio Hallingdal. Den første allerede i kveld, og det er redaktørane Kjell Snerte og Ola Fauske som startar.

Hemsedal Gjennom Tidene er eit lokalhistorisk prosjekt. Dei engasjerer flest mogeleg hemsedøler i å samle inn kunnskaps- og opplevingsstoff frå bygda si historie, og formidle dette gjennom sterkt illustrerte bøker knytta til tema. Dei som står ansvarlege for dette prosjektet er Hemsedal Historielag og Hemsedal Mållag, og stort sett heile næringslivet i Hemsedal er med og sponsar det.

Ei redaksjonsgruppe har gått rundt og svalla med bygdefolk, og dette materialet utgjer hovudparten av stoffet til boka.

Hemsedal Gjennom Tidene har som mål å utgje populære bøker som kan nå ut over krinsen med spesielt lokalhistorisk interesserte, og dei to bøkene som er komne før har selt kring 2 000 eksemplar. Den første boka kom i 2002: "Støl og stølsliv i Hemsedal", og i 2003 kom "Frå skysstasjon til alpinsenter. Hemsedal som turistbygd."


Hemsedal Gjennom Tidene lovar ei svært spesiell bok, og smakebitar kjem på radioen fredagane framover..............








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS