Hallingbuss fram til juni 06.
Det går mot at avtalen mellom Hallingdal Billag Fjord 1 blir forlenga til juni 06.
Samferdselssjef Terje Moen i Buskerud fylkeskommune seier til RH at dei ikkje på nokon måte kan klare å få nokon Vøgne på skinnene til nyttår, og at dei derfor no vil gå i forhandlingar med Fjord 1 for å få forlenga avtalen med dei fram til juni 06.
Parallellt blir det arbeidd med å få til eit forenkla anbodsdokument for å få pris på kjøring av Vøgne frå august 06. Fylkesordføraren har sendt brev til departementet for å få avklart om det kan reknast med å få av dei ekstra midlane som er varsla til kollektivtransport til bruk for Vøgne. Den lovde ekstra millionen frå forrige regjering er ikkje med i deira budsjettforslag.
HB er så langt svært nøgd med Hallingbussen. ANtal passasjerar ligg over det som var budsjettert.