Torvstua selt.

Eit selskap har no kjøpt Torvstua og tomteområdet på 5,1 dekar og i løpet av nokre månadar er det klart kva som vil reise seg på tomta.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 28.10.2005 15:16

Eit selskap har no kjøpt Torvstua og tomteområdet på 5,1 dekar og i løpet av nokre månadar er det klart kva som vil reise seg på tomta.

Det er eit selskap beståande av Magne Thorset, Engebret Fekene og Birger Rustberggard som har kjøpt eigendomen som av mange blir sett på som noko av det mest attraktive tomteområdet i Gol sentrum.

Styreleiar i selskapet, Robert Ringstad, seier til RH at dei sannsynleg vil satse på utvikling av eigendomen til forretning/kontor, men ikkje noko er fastlagt enno. Dei næraste månadane vil gå med til å få konseptet på plass, og dei ser store muligheter i tomteområdet etter at den nye planen for utvikling av Gol sentrum er lagt fram. Noverande bygningsmasse vil bli rive.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS