Klart for bygging av fleirbrukshall på Flå.

Mens Geilo kan glede seg over at det blir noko på tomta til Geilo handelslag kan flåværingane glede seg til byggestart på fleirbrukshall.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 03.05.2013 15:32

Mens Geilo kan glede seg over at det blir noko på tomta til Geilo handelslag kan flåværingane glede seg til byggestart på fleirbrukshall.

Ordførar Buøen og rådmann Stavn har i dag vore i møte i kulturdepartementet og avklara dei siste utfordringane omkring utforming i forhold til spelemiddelkrav og no synes alt i orden. Finansieringa er på plass med godt 5 millionar frå kommunen og om lag 10 i spelemidlar og ein stor dugnadsinnsats frå lokale firma. Høgevarde leverer massene, Novema leverer ventilasjon og firmaet Øst - Riv skal ta utgravinga. Viss kommunestyret i FLå gjer vedtak i plana på møtet sitt 21. juni så kan gravinga starte 22. juni - og det er vel ingen som trur at vedtaket blir anna enn positivt..... Intervju med ordførar Buøen i fredagsmagasinet i kveld - reprise måndag








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS