Lord Garvagh kjem til Hol.

Tippoldefar og oldefar var dei to lordane som bygde 11 lordehytter i fjella omkring Hallingskarvet.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 15.03.2013 10:05

Tippoldefar og oldefar var dei to lordane som bygde 11 lordehytter i fjella omkring Hallingskarvet.

Sogene om dei to lordane Garvagh har vorte fortalt gjennom generasjonar av folk i Hol. Dei to karane frå overklassen i England og Irland vart godt kjent med fjellfolket i Sudndalen og andre fjellbygder omkring Hallingskarvet og far og son Garvagh var trufaste gjester her sidan 1863 til midt på 1890 talet.

No har dagens Lord Garvagh, den 6. i rekkja, takka ja til ein invitasjon frå ordførar Tony Kjøl om å vera Hol kommune sin gjest fyrste veka i august. Far hans var HOl kommune sin gjest i 1963 og då var noverande lord Garvagh med som 10 åring.

Det blir no arbeidd med eit program for besøket som naturleg nok blir lagt inntil årets Lordemarsj den 10. august. Det er også planer om å lansere ei bok om dei to lordane Garvagh i samband med besøket. Dei to var dei fyrste turistane i Hol kommune.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS