Handlaga kulepenn med 24 karat gull.
Du som betaler lyttargåva til Radio Hallingdal kan vera så heldig at du får ein svært eksklusiv kulepenn tilbake.
To svært kreative skurdøler med etternamnet Frydenlund har dreia nokre heilt lekre kulepennar som me har fått til utdeling blant dei som betaler lyttaravgifta for 2013. Kulepennane er dreia av lokalt vakse virke, brisk eller einer frå Skurdalen. Det gir eit fantastisk levande mønster i pennane og gjer dei svært gode å skrive med. Ringen, klypa til å festa kulepennen i lomma og trykkknappen og hylsa fremst er i 24 karat gull - stadfesting på det er kome frå leverandøren i USA.
Radio Hallingdal takkar hjarteleg for den flotte gåva og me deler ut 3 stykker alt frå i kveld - fredag 1. mars. Dei blir trekt mellom dei som til no har betalt og så deler me ut 3 fredagane framover ei stund samt i påsken - men berre til dei som har betalt lyttargåva!
Gløymt konto?? 2333 22 52283