Vil veta meir om kalde og varme senger.
Hol og Hemsedal saman med Buskerud fylkeskommune skal gå saman om eit større prosjekt for å få vite meir om kalde og varme senger.
Temaet er ikkje så sjeldan oppe i politisk samanheng, ikkje minst i Hemsedal men også blant anna i Hol. En varm seng er en som er i utleiemarkedet dvs en kommersiell seng uavhengig om det er hotell, hytter eller leiligheter. En kald seng er en seng som ikke kan leies for kortere opphold dvs åremålsleie eller private hytter/leiligheter. Kva gir mest attende til lokalsamfunnet over tid, kalde eller varme? Mange har meint mykje, men få har visst noko serleg. NO skal om mogleg fakta på bordet gjennom dette prosjektet, der også Ål har meldt seg på som observatør.
Hemsedal formannskap har bestemt seg for å vera med - det same har Hol. Her er vedtaket.
1. Hemsedal kommune ønskjer å ta del i eit felles prosjekt i samarbeid med Hol kommune og Buskerud Fylkeskommune viss mål er å få etablert eit betre beslutningsgrunnlag for framtidig «varmsengspolitikk» i Hemsedal.
2. Hemsedal kommune løyver inntil kr. 75.000,- som kommunen sin eigenandel under føresetnad av at prosjektet vert fullfinansiert
3. Tilskotet vert løyvd frå næringsfondet, 14700.3400.3252