Kommunalt tilskot til snøkanonanlegg likevel.
Kommunestyret i Hemsedal ville det annleis enn hovudutvalet og løyvde pengar til snøkanonanlegg på Gravset,
Behandling
Tove Eggen Lien (SV) la fram Rådmannen si innstilling til Hovudutval for Livsløp:
«Hemsedal kommune yter eit kommunalt tilskot på kr 500 000 til Hemsedal idrettslag for bygging av snøkanonanlegg på Gravset skistadion. Beløpet vert finansiert av disposisjonsfondet konto 2560000 og vert overført konto 14700.2010.3801.
- Hemsedal kommune gjev garanti for låneopptak av Hemsedal idrettslag i Sparebank 1 Hallingdal til forskotering av tippemidlar og meirverdiavgift. Hemsedal idrettslag plikter å innfri lånet når meirverdiavgifta blir refundert og tippemidlane utbetalt. Det stilles garanti for inntil kr. 1 250 000.
- Hemsedal kommune vil ikkje på dette tidspunkt forplikte seg til framtidige driftskostnader til tiltaket.
- Hemsedal kommune gjev fritak for behandlingsgebyr jfr. § 20-1 i plan og bygningslova.»
Olav Syversbråten (AP) ber om gruppemøte.
Møte heva
Møte satt
Votering
Innstilling frå Hovudutval for Livsløp fell med 2 (KrF og H) mot 13 stemmer.
Rådmannen si innstilling vert vedteken.
Vedtak