Eit av Norges største leikeland kjem i Bjørneparken,

På frokostmøtet for næringslivet i FLå fredag morgon vart det presentert store prosjekt for Flå
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 17.02.2012 13:23

På frokostmøtet for næringslivet i FLå fredag morgon vart det presentert store prosjekt for Flå

Godt 40 møtte for å få med seg orienteringar både frå THongruppen, ordføraren og Det norske skogselskap. Håvard Staff Brenno, eigendomssjef hjå Olav THon, kunne blant anna fortelja om ei eventyrleg utvikling handelen på FLå og han såg ikkje bort frå at om 2 år så var FLå blant 10 på topp i landet når det galdt handel pr innbyggar. Europrisopninga dagen før hadde hatt eventyrleg trafikk og Mc Donalds sprenger alle estimat for omsetning.Staff Brenno kunne også fortelja at i BJørneparken kjem det no eit svært stort utandørs leikeland og eit litt mindre innandørs  - til saman sannsynlegvis Norges største leikeland. Det blir også investert i fleire nye bygningar i parken og alle stigar blir asfaltert med tanke på å gjera det lettare å koma fram for funksjonshemma.

Det norske skogselskap letta på sløret når det galdt innhald i  Skog og klimasenteret og her er det omfattande planer som vil skapa eit unikt opplevingssenter med både lokal, nasjonal og global vinkling.

Meir i fredagsmagasinet.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS
Loading...