Ingen værdata frå Geilo etter 30.11.
Underdirektør Margareth Moe ved Meterologisk institutt stadfester at dei har gitt opp ny værstasjon på Geilo.
Moe seier til RH at dei har prøvd fleire stader på Geilo og funne 4-5 stader som har tilfredsstilt deira krav til ein værstasjon, men alle stadene med unntak av ein, har det vore umogleg på grunn av andre planer for utbygging som har hindra å setja opp ei slik mast. Når då THU sa nei til plasseringa på Oldebråten, vil ikkje meterologisk institutt bruke meir tid og ressursar på å anke dette vidare, og dermed tyder alt på at det ikkje kjem værdata frå Geilo denne vinteren. Avtalen om drift av den manuelle stasjonen blir ikkje forsøkt forlenga, seier Moe til RH. Dei vil i tida framover gjera fleire forsøk på å finne ei plassering lenger unna Geilo som tilfredsstiller krava til automatisk værstasjon, men å få noko på plass før vinteren, er så å seia umogleg, seier Moe.
Ein automatisk værstasjon blir plassert i ei mast som er omlag 10 meter høg.