Fylkesmannen har ingen merknad til slakteri i Hovet.

Hol kommune ville ha Fylkesmannens uttale til søknaden om å få bygge slakteri for fallvilt i Hovet - det har dei fått.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 05.12.2011 15:06

Hol kommune ville ha Fylkesmannens uttale til søknaden om å få bygge slakteri for fallvilt i Hovet - det har dei fått.

Fylkesmannens konklusjon er at han ikkje kan sjå at tiltaket vil få negative verknader for nasjonale miljøverdiar. Han har tillit til at kommunen vurderer alle relevante forhold i saka.

Når det gjeld luktspørsmålet skriv Fylkesmannen at slik tiltaket er beskrivi i søknaden, er det lite truleg at lukt vil bli eit problem. Dette føreset at utvomming ikkje foregår på staden og at slakteriet blir drive i tråd med krav frå Mattilsynet med tanke på bl.a. avfallshandtering.

Då er det opp til politikarane i Hol å gi dispensasjon for tiltaket.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS