Dyra i Hakkebakkeskogen i toppform.
![]() |
Eit kilo pepar eller var det kanskje ei teskjei? Bakergutt (Torjus Erlendsson Urke) i aksjon Foto: RIta Stavn |
Premieren samla om lag halvfullt amfi og folk kom raskt i god stemning då dei for dei fleste godt kjente figurane frå Torbjørn Egners verd etterkvart dukka opp.
Kjente viser som mange nynna med i og instruktør Magne Olav Brevik hadde lagt inn ekstra effektar tilpassa tida....... Mikkel Rev kom seglande på rullebrett og på trehjulssykkel som brumma og spreidde eksos som ein gamal Harley!
Mikkel Rev (Vetle Springgard) på trehjulsykkel som brumma som ein Harley
Skodespelarane gjorde alle som ein ein framifrå innsats i kvar sine roller, men RH sine utsendte fall spesielt for Mikkel Rev i Vetle Springgard sin spreke versjon og bakergutten Torjus Erlendson Urke. Framifrå lydanlegg gjorde det lett for publikum å få med alt som vart sagt og sunge.
Bakergutt (Torjus Erlendsson Urke) og Bakermester Harepus (Erik Mathiesen) lurer ein frustrert Mikkel Rev (Vetle Springgard) med dobbeltpeppra pepperkaker...
Hakkebakkens yngste skodespelar Mikkel Aasberg Arnesen (11 år) som Brumlemann med Bamsemor Arnhild Litrerè.
Mikkel rev på jakt etter Morten Skogmus (Eirik Fuglesteg Luksengard)
Kort og godt - ein forestilling du berre bør koma deg avgårde å sjå - den går fram til 7. august.