Ikkje endeleg klarsignal for Sundretunet.
Politikarane i Ål er ikkje heilt nøgde med løysingane for utviding av Sundretunet enno.
Saka var i SNTR nyleg og utbyggarar og arkitekt orientere om prosjektet. Her ser du kva resultatet vart av den politiske diskusjonen:
Vedtak: 1. Det nye Sundretunet framstår med ein høg, firkanta fasade med skarpe kantar sett frå sør. Ål kommune ynskjer at fasade sør får ei mjukare utforming tilpassa eksisterande bygningsmasse. Materialval i fasade på tilbygg/påbygg skal vera trepanel. 2. STNR er open for eit alternativ med kombinasjon av rausta tak på fløyen over Hallingstugu og flatt tak på delar av tilbygget viss nye teikningar viser at bygget i heilskap då framstår som eitt harmonisk bygg tilpassa som ein del av eksisterande bygg.
Fotokollasj vart presentert i møtet.
Følgjande omforeinte framlegg til pkt 1 vart samrøystes vedteke:
1. Det nye Sundretunet framstår med ein høg, firkanta fasade med skarpe kantar sett frå sør. Ål kommune ynskjer at fasade sør får ei mjukare utforming tilpassa eksisterande bygningsmasse. Materialval i fasade på tilbygg/påbygg skal vera trepanel. Følgjande framlegg frå John Storhaug (V) til pkt 2 vart vedteke med 4 røyster (1V, 1 SP, 1 KrF og 1 H):
2. STNR er open for eit alternativ med kombinasjon av rausta tak på fløyen over Hallingstugu og flatt tak på delar av tilbygget viss nye teikningar viser at bygget i heilskap då framstår som eitt harmonisk bygg tilpassa som ein del av eksisterande bygg.
- - -
Mindretalet på 2 (1 V og 1 SP) røysta for følgjande framlegg til ordlyd pkt 2:
2. Taket på tilbygg/påbygg skal vera rausta og høgdegrensa i reguleringsføresegnene vil då avgrense breidda på tilbygg/påbygg.