Strid om garddeling i Hol.

Formannskapet i Hol har behandla ein anke frå Sander Ottar Søndrol om deling av garden nedre Søndrol i Hol
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 01.07.2010 15:55

Formannskapet i Hol har behandla ein anke frå Sander Ottar Søndrol om deling av garden nedre Søndrol i Hol

Garden er tidlegare godkjent delt opp og gardstunet er selt, Restarealet, som består av ein del innmark og skog samt fjelleigendomar har Sander Ottar Søndrol søkt konsesjon på kjøp av, men formannskapet gjorde i eit tidlegare møte vedtak om at ein føresetnad for konsesjonen var at deler av eigendomen vart overdrege til RObert Søndrol då dei meinte det var viktig å styrke aktive bønder som treng tilleggsjord. Anken frå Sander Ottar Søndrol vart i formannskapsmøte denne veka avvist med 6 mot 1 røyst og går dermed til Fylkesmannen.

Slik var behandlinga i sist møte:

011/008 SØNDRÅL SANDER O. KLAGAR PÅ KONSESJONSVEDTAK OM KJØP

AV DEL AV DRIFTSEININGA GNR 11/8

Innstilling:

Saka vert lagt fram utan ny innstilling.

Behandling:

Tony Arild Kjøl fremmet følgende forslag (alt 2.):

Klagen vert tatt til følge.

Hol kommune gjev med hjemmel i konsesjonslova § 9 Sander Ottar Søndrål konsesjon på

erverv av:

- del av gnr 11/8, det som ligg mellom øvre Holsvegen og Ågotdokk,

- gnr 7/11, skogteig på 60 da,

- gnr 11/9, Smattan, ein stølsvoll på 32 da og 9 løbbel i Smattan sameige,

- gnr 11/13, Nystølen på 191 da og 6 løbbel i Søndrol Sameige.

Det er eit vilkår at desse eigedomane og rettane vert lagt til driftseininga gnr 11/5, Søndrol

nordre, som tilleggsjord og dreve samen med den. Tilleggsjorda vil gje ei god og framtidsretta

arrondering.

Hol kommune finn at kjøpesummen er i samsvar med avkastningsverdien på tilleggsjorda og

har ingen merknad til prisen.

*****************************

Roar Strand fremmet følgende forslag

1. Klaga fra Sander O. Søndrål på vedtaket F-sak 48/10 vert ikkje tatt til følge.

2. Hol kommune finn ikkje at dei nye momenta som klagar legg fram, gjev grunnlag for å

gje konsesjon for del av gnr 11/8, det som ligg mellom øvre Holsvegen og Ågotdokk.

3. Klagen, med alle saksdokumenta vert sendt over til Fylkesmannen i Buskerud til endeleg

avgjer.

Formannskapet har i si vurdering lagt vekt på at løysinga styrkar driftsgtrunnlaget til gnr. 11

bnr. 1 som er eit gardsbruk i drift.

*****************************

VOTERING:

Det ble stemt over forlaget fra Tony Arild Kjøl og forslaget fra Roar Strand.

Forslaget fra Roar Strand ble vedtatt med 6 stemmer. 1 stemte for forslaget fra Tony Arild

Kjøl fikk 1 stemme (1 H)

Vedtak:

1. Klaga fra Sander O. Søndrål på vedtaket F-sak 48/10 vert ikkje tatt til følge.

2. Hol kommune finn ikkje at dei nye momenta som klagar legg fram, gjev grunnlag for å

gje konsesjon for del av gnr 11/8, det som ligg mellom øvre Holsvegen og Ågotdokk.

3. Klagen, med alle saksdokumenta vert sendt over til Fylkesmannen i Buskerud til endeleg

avgjer.

Formannskapet har i si vurdering lagt vekt på at løysinga styrkar driftsgtrunnlaget til gnr. 11

bnr. 1 som er eit gardsbruk i drift.

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS