Hjelpekorpsa tek i bruk ny teknologi.

Nokre av hjelpekorpsa i Hallingdal har no teke i brukny teknologi delvis utvikla i Nes.
Aktuelt
Knut Medhus
Publisert : 04.04.2010 13:13

Nils Gudbrandsplass med ein tracker.
Nokre av hjelpekorpsa i Hallingdal har no teke i brukny teknologi delvis utvikla i Nes.

Utstyret bygger på GPS teknologien som blant anna er kjent frå trakkemaskiner og ikkje minst frå bruken i privat og yrkesbilar som hjelp til å finne fram dit ein skal. Det hjelpekorpset blant anna på NEs og FLå har teke i bruk inneheldt ein GPS mottakar og ein GSM telefon. Ved  hjelp av dette kan hovudkvarteret til eikvar tid vite kvar mannskapa på ein leiteaksjon er då posisjonen blir vist på eit kart. Dette effektiviserer leiteaksjonar mykje då ein god del av tida no går med til å halde kontakt med mannskapa omkring. Trackersystemet er delvis utvikla lokalt då Morten Nilsen på Nes har utvikla programmet som samlar opplysningane frå "trackarane" som mannskapa har på seg og eksporterer dei til kartet på datamaskinen som til eikvar tid viser kvar mannskap er.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS