Grunn til ny skytebane for Geilo sikra.

Viss Hol kommunestyre seier ja til regulering av eit området i Sør Skurdalen som GEilo skyttarlag vil ha som ny skytebane, kan ei lang og vanskeleg sak vera løyst.
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 03.02.2010 14:43

Viss Hol kommunestyre seier ja til regulering av eit området i Sør Skurdalen som GEilo skyttarlag vil ha som ny skytebane, kan ei lang og vanskeleg sak vera løyst.

Geilo skyttarlag har  no inngått avtalae om leige og kjøp av grunn til adkomst og baneområde for eit område i Sør Skurdalen som ligg om lag 200 meter frå dagens bane i Skurdalen. Skyttarlaget ber no om å få starte regulering av området for ny skytebane i Sør Skurdalen. Dette området har vore me i skyttarlagets alternative planer sidan 2004, men var ikkje med som eit av dei aktuelle i kommunesytrets vedtak i 2009, derfor må saka no oppatt der.

Styreleiar Stein Verpe til Geio skyttarlag seier at dersom alt no går på skinner framover, kan ein kanskje vera klar med ny skytebane i Sør Skurdalen i 2012. Han meiner at dei fakta som no er kome fram om dette alternativet vil gjera at det blir mindre strid om det.

EI løysing med ny skytebane for GEilo vil samtidig løyse ut store utbyggingsareal som til no har vore hindra på grunn av støyforhold omkring noverande skytebane.

Her skal den nye skytebanen ligge:








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS