NM for bankar: Lån i Hol og spar i Sparebank 1
Dine penger har atter eingong sjekka kvar einaste bank i Norge og rangert dei som sparebankar og lånebankar. Bankane i Hallingdal kom ganske bra ut.
144 banker var med i mesterskapet. Har du sparekonto inntil 500 000 kr så er Sparebank 1 Hallingda beste banken, den fekk bronsemedalje i NM. Nes prestegjelds sparebank kom på 21 plass mens Hol sparebank hamna heilt nede på 120. plassen.
Har du sparekonto med mellom ein halv og ein million kroner er framleis Sparebank 1 det beste alternativet. Her fekk dei sølvmedalje, Nes prestegjeldsbank kom på 7. plass mens Hol avanserte til 92. plass.
Lønskonto er det også Sparebank 1 som er best på, nr 43 i landssamanheng, Nes nr 78 og Hol nr 111.
Skal du låne inntil 1 million til bustadlån, er Hol sparebank staden., Dei vart nr 10 i denne klassen, Nes prestegjelds nr 28 og Sparebank 1 hamna som lånebank nede på nr 105. Skal du låne inntil 2 millionar er derimot Sparebank 1 lenger oppe. Nr 16 vart dei der, Hol sparebank nr 29 og Nes prestegjelds nr 53.
Sjå meir på www.dinepenger.no