Entrepenør forfordelt?
Innstillande konsulentar vart skulda for å ha gått noko utover sitt mandat i Ål kommunestyre torsdag.
BN Bygg, Veidekke Hallingdal og Hallingbygg hadde alle lagt inn anbud på ombygginga av Torpo skule. BN bygg var billegast, deretter Hallingbygg og så Veidekke avd Hallingdal. Rambøll var leigd inn til å gå gjennom tilbuda, og dei vekta ulike sider ved anbudet slik at t.d. prisen utgjorde 60 %, byggetid og ferdigstillelse 15 % osv.
BN bygg hadde fått høve tll justere ferdigstillingsdatoen etter forespørsel frå Rambøll, noko som har ført til at dei to andre har levert klage på det som har skjedd. Fleire i kommunestyret meinte at dette måtte sjekkast nærare då det etter manges meining kunne tyde på forskjellsbehandling av tilbydarane. Dermed vart det ikkje valt entrepenør til ombygginga i denne omgang, det vart delegert til formannskapet å gjera det etter at dei har innhenta meir omkring den omtalte forespørselen frå Rambøll til BN bygg.