Hol kommune vil ha ny skytebane i Sør - Skurdalen.

Etter langs tids ferd kjem no saka om ny lokalisering av skytebane for GEilo skyttarlag til ny politisk behandling og rådmannen vil plassere den i Sør - Skurdalen - men protestane er mange.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 07.01.2009 10:37

Etter langs tids ferd kjem no saka om ny lokalisering av skytebane for GEilo skyttarlag til ny politisk behandling og rådmannen vil plassere den i Sør - Skurdalen - men protestane er mange.

Rådmannens forslag til politikarane er slik:

Skyttarlaget sjøl har likestilt alternativa Meland - Sør Skurdalen og Nord - Skurdalen. Den nye banen er tenkt lokalisert om lag 400 meter vest for dagens skytebane i Sør- Skurdalen, og dersom det blir utført nødvendige støytiltak, vil ein koma under grenseverdien på 60 db form alle bygningar i området.  Det er sterke protestar frå bebuarar i området, grunneigarar og velforening og liste som viser at 78 av 84 naboar er i mot denne lokaliseringa. Lia fjellhotell har meldt at dei må vurdere nedlegging viss dei får støy frå banen som sjenerer gjestene og deira aktivitetsområder. 2 av grunneigarane har sagt ja til å avstå grunn, den tredje seier nei. Du kan lesa på www.holkommune.no sakspapir teknisk hovudutvalg.  Saka kjem til politisk behandling 14. januar i THU og vidare til kommunestyret sist i januar.

1. Hol kommunestyre mener Sør – Skurdalen er den beste plasseringen av ny skytebane

som erstatning for dagens skytebane på Geilo.

2. Hol kommunestyre oppfordrer Geilo skytterlag til å igangsette arbeid med å utarbeide

reguleringsplan for ny skytebane på foreslått område i Sør - Skurdalen.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS