Iderike ungdomar.
![]() |
Beste nyskapingside hadde desse: |
Stemning var høg både under presentasjonen og under visning og premieutdeling. Elevane hadde arbeidd i grupper på fire og fire og i tillegg til å koma fram med nye produkt, så skulle dei også vurdere pris på produktet, marknadsføring og sal og material m.m.
Her vart presentert produkt som strekte seg frå å gå tur med eldre til snøbrettbindingar med innlagt varmekabel for å hindre frysing av klemmene og vogge som tok til å vogge på seg så snart ungen skreik litt! Underlag for koppar som kunne brukast i all slags terreng slik at koppen ikkje velta var også blant nyskapingane. Ei smart øks som hadde ein ekstra egg på tvers av den vanlege vekte åtgaum blant dei vaksne vedhoggarne som var tilstaden... Her vart også presentert ein samanleggbar kontostol med tanke på trange og eller rotete kontor og ein spark for heilårsbruk.. Og den store vinnaren vart jentene som hadde satsa på doseringsboks for piller som automatisk varsla brukaren om når pillene skulle takast.
Kanskje me ser noko av dette i produksjon om nokre år?
Meir i fredagsmagasinet.