Både gild og ugild.

Leiar for plan og bygg/landbruksavdelinga i Hol, Liv Juchelka blir til å vera ugild til ei sak og gild i ei annan sak som gjeld Geilo. Hol høgre har fått svar på sine spørsmål.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 21.04.2008 11:27

Leiar for plan og bygg/landbruksavdelinga i Hol, Liv Juchelka blir til å vera ugild til ei sak og gild i ei annan sak som gjeld Geilo. Hol høgre har fått svar på sine spørsmål.

Hol kommune har fått advokatar i KS til å sjå på problematikken.  Dei konkluderer med at Liv Juchelka er å sjå på som inhabil i forhold til reguleringsplanen for Geilo i og med at ho er styremedlem i COOP Vestviken, som eig 20 % av MEgabygget på GEilo og eigarane har protestert mot at reguleringsplanen reduserer deira parkeringsareal framfor bygget.

Når det gjeld gatebruksplanen, som bygger på reguleringsplanen, men ikkje er juridisk bindande for partane vil i følge den juridiske vurderinga som er lagf fram av KS, dei berørte partane bli berørt av denne planen på ein slik måte at inhabilitet er aktuelt.

Dermed kan ikkje Liv Juchelka delta i den vidare saksførebuinga når det gjeld reguleringsplanen for Geilo sentrum så lenge ho har styreverv i COOP Vestviken, men det er ingenting i vegen for at saksbehandlinga blir gjort av underordna ved avdelinga eller av innleigd konsulent.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS