Vil etablere konferansesenter ved Torpomoen.

Den kristne menighet i Hallingdal ber om å få lov å regulere eit område ved Torpomoen til kurs - og konferansesenter.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 15.03.2008 15:26

Den kristne menighet i Hallingdal ber om å få lov å regulere eit område ved Torpomoen til kurs - og konferansesenter.

Senteret er tenkt bygd til å ta i mot grupper opp mot 500 personar og blir liggjanse i området mellom Hallingdalselva og høgspentlina sør for vegen. (Sjå kart på link under)

DKM har no 200 personar i medlemsmanssen sin og 25 personar innan DKM har flytta til Ål siste åra. DKM sine lokal på Gol blir små og behovet for større lokal er i følge DKM prekært. Det er fyrst og fremst barne - og ungdomsaktivitetar DKM driv med idag.
DKM har avtale om kjøp av om lag 80 dekar i området Øyni og Jøta i Sando. Det er inngått samarbeid med eigarane av området Syningen/Torsteinslåtta som har tilknytning  til Brunstad konferansesenter i Stokke, og dei er positive til eit samarbeid med DKM om bruk av dette senteret som for dei vil bli noko dei ikkje har tilgang til i dag.

Det blir no søkt om omregulering av området frå LNF 3 til byggeområde, og dersom alt går etter planen, blir det byggestart i 2010.

Sjå kart over området her:

 

http://www.hallingkart.no/CopyToClipboardComponent/CopyForm.aspx?plugin=null&selectedLayers=hallingdal-wms%3AADR%23hallingdal-wms%3AN50_NAV%23hallingdal-wms%3ATXT%23hallingdal-wms%3ATXT5%23hallingdal-wms%3ATILT%23hallingdal-wfs%3ABygning%23hallingdal-wfs%3AEiendom%23hallingdal-wms%3AVSIT%23hallingdal-wms%3AVBASE%23hallingdal-wms%3ABANE%23hallingdal-wms%3AVANN%23hallingdal-wms%3ATERR%23hallingdal-wms%3AN50_AGR%23hallingdal-wms%3AN50_HDB%23hallingdal-wms%3AN50_SAF%23hallingdal-wms%3AN50_RGR%23hallingdal-wms%3AN50_ARE%23hallingdal-wms%3AN250%23hallingdal-wms%3AOversikt&theme=basiskart&bbox=480870.37;6723331.04;481448.87;6723742.54;EPSG%3A32632;1157;823;2500

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS