Ny æresmedlem i Hol idrettslag.

På årsmøtet i Hol idrettslag fekk laget ein ny æresmedlem - ein trufasat slitar og entusiast.
Sport
Knut Medhus
Publisert : 28.02.2008 10:04

Kjelll Haugo, avtroppande leiar i Hol i.l. og æresmedlem Kjell Eikrehagen
På årsmøtet i Hol idrettslag fekk laget ein ny æresmedlem - ein trufasat slitar og entusiast.

Kjell Eikrehagen er ein entusiast av dei sjeldne og han har gjennom svært mange år vore svært sentral i det unike skøytemiljøet i Hol.

Her er utnemningstalen til Kjell Haugo:

 

Av og til, blir ein kjent med og får gleda av å jobbe saman med folk som gjer ein kjempejobb for at fellesskapet skal ha det bra. Personar som ikkje nødvendigvis deltek fordi dei har ei eigeninteresse i å gjera ein jobb, men rett og slett bryr seg for at andre skal ha det bra. Du Kjell Eikrehagen er for meg ein slik person, og eg veit at mange andre er einig med meg. Når du Kjell i dag blir utnemnt til æresmedlem i Hol idrettslag, er det i respekt og takksemd for den enorme innsatsen du har lagt ned og framleis legg ned for Hol idrettslag. Ditt smittande humør, din ståpåvilje, og evne til å finne løysinga har vore ein særs viktig faktor for at Hol IL har fostra så mange gode skøyteløparar som vi har gjort. Hol IL er satt på kartet m.a fordi du er den du er og for det du har gjort over veldig mange år. Din medmenneskelegdom og romslegheit er heilt spesiell.

 

Eg har ikkje funne ut når tid du verkeleg  kom inn i Hol IL og begynte å delta i dugnadsarbeid Kjell, men me snakkar om svært mange år. I mange år hadde du gleda av å sjå dine to gutar Kevin og Kennet på skøytebanen, men til tross for at dei fekk andre interesser, fortset du å gjera ein jobb for Hol IL.

Du saman med andre har vore på isen til alle døgnets tider,  ja so langt har dikka gått i å få eit godt resultat at i haust blei det stilt store spørsmålsteikn ved kvifor lyset sto på nattestid. Veit ikkje Hol IL kva energisparing er for noko. Det var ikkje du som hadde skulda den natta Kjell, men det kunne like gjerne vore deg. Søvn har til tider kome i andre rekke, god is har hatt fyrsteprioritert.

 

Du har delteke i praktisk og administrativt arbeid for skøytesporten, du har vore og er framleis styremedlem i Hol IL. Du har mange timar i Vikingeskipet på Hamar der du har vore far, lagleiar, støttespelar og inspirator. Du har reist i inn og utland for å følgje opp skøyteløparane våre i viktige løp. Du har vore ein engasjert tilskodar som har lyfta stemninga til nye høgder, seinast under VM i Berlin. Det er stort å vera Holing i Berlin kunne du fortelja meg på tlf laurdag kveld, litt groggi i stemma. Du knyttar kontaktar på tvers av klubbar og land. Du er eit midtpunkt på festen om kvelden heilt til din kjære Velin tek styringa og si at no Kjell, no er det nok for i dag. Kroppen din treng litt kvile no. Du tuslar etter.

 

Du var ein viktig og kanskje avgjørande faktor når ideen om Energitrappa kom opp. Her la du ned saman med mange andre, fleire hundre timar i bygginga av noko som kanskje fleire enn du hadde drøymt om at skulle få gleda av. Trappa er blitt eit symbol på suksessen til skøytemiljøet i Hol, men kanskje like viktig i vertfall for meg, trappa er blitt eit mål for veldig mange mosjonistar i bygde. Det å greie å nå toppen på Høgehaug via Energitrappa er eit mål for mange og veldig mange nyttar den regelmessig i treninga si. Eg har fått høyre at eit ektepar her i bygde gjekk trappa over 50 gonger i fjor. Det er over 20 000 trappetrinn det.

 

I tidlegare år var du tilsett i E-co og spelte på lag med dei når du trengte tid til å få rekt alt du skulle gjera for Hol IL. No er du sjølvstendig næringsdrivande og legg ned minst like mykje innsats og det kostar i form at tapt arbeidstid og inntekt. Det at du vel å gjera dette dag etter dag år etter år, er eit godt døme på den personen du er. Du er unik Kjell.  La oss få til noko i fellesskap, det er så kjekt og sjå at folk har det bra, ja slik trur eg faktisk du tenkjer, du praktiserar i vertfall ei slik tanke.

 

Som medmenneske er du også spesiell. Du strekker deg langt for at dei rundt deg skal ha det bra og du er ein flittig brukar av SMS til dei som har vore ute å gått skøyteløp. Du føl dei opp og gir dei ros og minner om at det kjem nye løp om det ikkje har gått heilt slik dei sjølve hadde håpa, å få dei til å sjå framover er ditt mål.

 

Kjell, det er med bakgrunn i det eg no har sagt og opplevd saman med deg ei stor glede for meg og utnemne deg til det 12 æresmedlemet i Hol IL. Det er ei velfortjent påskjønning som AU var samrøystes om. Som det heiter i statuttane, ”Æresmedlemskap er Hol Idrettslag sin høgste utmerking og blir tildelt personar som har hatt ein heilt spesiell betydning for laget”. Det har du hatt Kjell og du har det framleis. Eg håpar barn og ungdommen i bygde framleis skal nyte godt av ditt smittande humør og store engasjement sjølv om du no blir æresmedlem og står øvst på pallen.

 

 

 

 

 

 

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS