Må seia frå seg retten til redusert undervisningstid.

Viss lærarane i Gol vil nyte godt av dei planlagte seniorpolitiske tiltaka, kan dei ikkje samtidig ta ut redusert lesetid.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 23.01.2008 15:49

Viss lærarane i Gol vil nyte godt av dei planlagte seniorpolitiske tiltaka, kan dei ikkje samtidig ta ut redusert lesetid.

Det vekte ein del oppsikt når det ved sist behandling viste seg at lærarar ikkje var omfatta av dei nye seniortiltaka og når det i tillegg fall nokre "uheldige kommentarar" under møtet.  Saka har vore på nye rundar og kjem attende til administrasjonsutvalet no.  Lærarar blir no med i tiltaka, men då må dei ikkje ta ut redusert lesetid samtidig.

Rådmannen seier dette om saka i innstillinga:

Rådmannen meiner at det vil vera urimeleg om lærarane både skal kunne nytte retten til redusert arbeidstid og kunne velje eit av dei økonomiske tilboda i framlagte plan, og har difor

undersøkt med KS Forhandling om det er mogleg at lærarane får tilbod om dei same økonomiske tiltaka, mot at dei frå fylte 62 år ikkje tek ut retten til redusert undervisningstid.

KS Forhandling svarar at det ikkje er tariffstridig om den enkelte læraren vel eit anna tilbod mot å seie frå seg retten til redusert undervisningstid.

 

Rådmannen og løns-/personalleiar har hatt møte med rektorane og hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet, der dei økonomiske tiltaka i framlegg til Livsfasepolitisk plan vart diskutert og sett i forhold til dei tilretteleggingstiltaka som er moglege i samsvar med SFS 2213, Arbeidstid for undervisningspersonalet.

Partane konkluderte i møte at det vil vera positivt om lærarane frå fylte 62 år, kan få moglegheit til å velje eit av dei same økonomiske tilboda i Livsfasepolitisk plan som øvrige tilsette.  Mot at dei seier frå seg retten til redusert undervisningstid.

 

Framlegg til Livsfase politisk plan med vekt på seniorar, med vedlegg, er endra i samsvar med konklusjon i nemnde møte, slik at også undervisningsstillingar er omfatta av dei økonomiske tilboda i planen.  Dette får imidlertid ingen konsekvensar for opprinneleg framlegg til vedtak.

 

Gol, 11. januar 2008

 

 

Framlegg til vedtak:

  1. Framlegg til Livsfasepolitisk plan med vekt på seniorar, for Gol kommune, blir vedtatt under føresetnad av at det blir satt av nødvendige midlar i budsjett 2008 og økonomiplan 2008 - 2011.
  2. Livsfasepolitisk plan med vekt på seniorar, skal vera ein del av Gol kommunes arbeidsgivarpolitiske strategi (AGS 2020 i Gol kommune) når den blir vedtatt.
  3. Dei seniorpolitiske tiltaka evaluerast innan 31.12.2010.
  4. Dersom reglane for Avtalefesta pensjon (AFP) endrar seg i perioden, kan Livsfasepolitisk plan med seniortiltak i Gol kommune, blir vurdert og revidert før 31.12.2010.

 

 








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS