Hyttebrann i Hol.
Fredag ettermiddag vart ei hytte vest for Holsfjorden herja av brann.
Brannvesenet fekk melding om brannen litt over kl. 17 då to hyttefolk som leiger hytte i nærleiken gjekk bort til hytta fordi det hadde ryke så lenge frå den og røykutviklinga hadde auka så mykje at dei meinte det måtte vera noko anna enn røyk frå pipa. Dei var ikkje meir enn kome bort, så slo flammane ut gjennom tak og vegger og brannvesen vart varsla.
Foto: Rita Stavn
Folk frå både Hol og Geilo brannstasjonar kom raskt til staden og dei klarde å hindre at hytta brann ned til grunnen. Det er relativt store skader på den eldste delen av hytta der brannen ser ut til å ha oppstått, den nyare delen har berre mindre skader.
Årsaka til brannen er det så langt ingen tankar om.