MEGA bygget på Geilo til nye eigarar.
Coop Vestviken er i ferd med å overdra sine deler av sameiget i Megabygget til ein ny eigarkonstellasjon.
![]() |
Megabygget får nye eigarar |
Coop Vestviken eig 90 % av delane i sameiget, og desse blir med det fyrste overdrege til eit nytt selskap der Pål Gundersen er eigar saman med Coop Vestviken.
Njål Stokkenes i Coop Vestviken seier til RH at dei gjer dette for bedre å kunne utvikle området framover. Gundersen eig frå før store delar av Tunbygget og ved å sjå desse områda saman, kan det gi positive effektar for begge.