Nei frå Nore og Uvdal.
Felleskjøkkenet for Hol og Ål er på jakt etter nye medeigarar og/eller kjøparar av tenester, og Nore og Uvdal takkar nei til å bli med.
Nore og Uvdal har nettopp vore gjennom ein stor byggeprosess der dei har valt å satse på små avdelingar med eigne postkjøkken og eit hovudkjøkken som produserer varm mat og fordeler dette ut til alle postkjøkken kvar dag og tørrmat to gonger i veka. Ei undersøking i 2005 om om det ville løne seg å gå over til delvis same metode som Hol og Ål bruker, viste at investeringa var vanskeleg å forsvare i forhold til moglege innsparingar.
Fagsjefen peikar i svaret sitt på at ein i ein så liten kommune som Nore og Uvdal bør tenke seg godt om før ein tek heilt vekk det det vesle fagmiljøet som no er omkring matproduksjon. Erfaringar viser at det i perioder er behov for spesielle tilpassingar og ønsker frå brukarar.
Den korte tida Nore og Uvdal har hatt den nye avdelinga i drift gjer at dei også vil ha lenger tid på å vurdere alternative løysingar og blant anna av den grunne takkar dei no nei til tilbodet frå Ål og Hol om å gå inn i felleskjøkkenet eller å kjøpe tenester frå dei.