Inger Marie Haaland på 4.plass
Inger Marie Haaland kom sundag kveld i mål på Tynset etter å ha gjennomført det godt 600 km lange Femundløpet med bravour.
Inger Marie Haaland har lege langt framme i løpet frå starten, men ut frå nest siste stopp tok ho ein kjapp tet som ho beheldt gjennom Tynset, men det tunge føret derifrå gjorde sitt til at ho etterkvart datt litt tilbake, og til slutt var det storfavoritten Robert Sørlie frå Oslo som vann årets Femundløp. Inger Marie hadde 3. plassen lenge, men enda opp på ein 4. plass i verdas lengste sledehundløp.
Inger Marie køyrer for Hallingdal hundekøyrarklubb og klubbkamerat Petter Arnesen, som debuterte i Femundløpet kom inn på ein sterk 9. plass. Gorm Engen frå same kljubben vart nr. 12 og veteran Alf Einar Hernes nr 23.
Meir her: www.femundlopet.no
Foto: Lillian Holden, Arbeidets rett