Begge lag vidare til kvartfinalen.
Det vart ein uhyre tett kamp mellom Hemsedal og Herad skoler når dei tysdag kveld møttest til dyst i spørjeleiken Kven veit mest?.
Laga møttest i Radio Hallingdals "store studio" på Gol kommunehus med tildels mange tilhøyrarar i salen som sørga for god stemning under sendinga. Hemsedal tok leiinga frå start og var snart oppe i fire poengs leiing på Herad. Så etter pausa tok Herad att 2 poeng ganske så snart og før siste spørsmål hadde det heile snudd seg slik at det var Herad som leia med 2 poeng på Hemsedal. Når det heile var over, hadde Herad eitt poeng meir enn Hemsedal og vann tevlinga.
Det viste seg i ettertid at programleiaren som også hadde laga spørsmåla hadde bomma stygt på eit svar og dermed vart Hemsedal sitt svar på det spørsmålet underkjent mens det skulle vore godkjent. I samråd med dommaren i tevlinga, Harald Sundsøy vart det derfor seint onsdag kveld avgjort at både Hemsedal og Herad skoler går vidare til kvartfinalane, som blir trekt under sendinga neste tysdag kl, 2000 der Geilo og Gol møtest til kamp om den aller siste kvartfinaleplassen i Kven veit mest?
Tevlinga mellom Herad og Hemsedal går i reprise onsdag morgonkl. 0900 og etter kl. 15.
Laget frå Herad skole: Olaug Hoftun, Svein Harald Solem og Tuva Fossum Walaker.
Laget frå Hemsedal: Ola Nerland Fausko, Tomas Markegård og Ingebjørg Huso.