Hol kommune kjøper fotosamling.

HOl kommune har fått tilbod om å kjøpe fotosamlinga etter fotograf Sigvat Tveito frå Ål og rådmannen rår til seia ja til tilbodet.
Kultur
Knut Medhus
Publisert : 31.10.2006 16:38

HOl kommune har fått tilbod om å kjøpe fotosamlinga etter fotograf Sigvat Tveito frå Ål og rådmannen rår til seia ja til tilbodet.

Arkivet etter Sigvat Tveito. som levde frå 1889 til 1953, inneheldt om lag 17 000 negativ, blant dei portrett teke i den tida han var fotograf for det kongelege hoff. Samlinga blir av fagfolk sett på til å vera av nasjonal interesse, og vil viss formannskapet seier ja til kjøpet, bli oppbevart i Hol bygdearkiv, som har eit av landets beste oppbevaringsrom for gamle fotoplater og negativ.

Det er fremja søknad til Norsk kulturråd om tilskott til kjøpet og til registrering av samlinga og svar på dette er venta tidleg i november.
Samlinga vil for Hol bygdearkiv vera eit steg på vegen til å bli eit regionalt fotoarkiv,  noko som er eit mål både kommunalt og i den strategiske planen for Hallingdal.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS