66 % dyrare kinobillett.

Geilo kino har så godt besøk at den ikkje treng å subsidierast så mykje som før meiner rådmannen i Hol og auken i barnebillettprisen er den største.
Politikk
Knut Medhus
Publisert : 11.09.2006 09:58

Geilo kino har så godt besøk at den ikkje treng å subsidierast så mykje som før meiner rådmannen i Hol og auken i barnebillettprisen er den største.

Prisane på billettane på barnefilmar med aldersgrense 7 år går opp frå i dag 30 kr til 50 kr - ein auke på 66 %. Vaksnefilmar får ein auke på 20 %, frå 50 til 60 kr og så blir det innført ein ny kategori. Filmar som har premiere på Geilo kino skal koste 10 kr meir enn om den ikkje hadde hatt preimiere der og då - her bllirprisen 70 kr viss hovudutvalet for kultur og oppvekst følgjer rådmannen sitt råd.

Besøkstalet ved Geilo kino er godt samanlikna med andre tilsvarande kinoar i samanlignbare kommunar skriv rådmannen. 7000 besøkande har vore snittet dei siste åra, og einav grunnane kanvera låge billettprisar, som er subsidiert av kommunen. Målet må vera at kinoen i størst mogleg grad er sjølfinansierande, meiner rådmannen og foreslår altså at barna skal betale 66 % meir enn i dag.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS