Fyrste leveringa til Synnøve Finden.

Tysdag vart om lag 700 kilo ost frå Hemsegarden levert til Synnøve Finden og den er i butikkane frå fredag. 6 000 kilo ligg og ventar og modnast!
Lokal
Knut Medhus
Publisert : 30.08.2006 14:32

Prosjektleiar Kristin Solbakken ved Hemsegarden.
Tysdag vart om lag 700 kilo ost frå Hemsegarden levert til Synnøve Finden og den er i butikkane frå fredag. 6 000 kilo ligg og ventar og modnast!

Synnøve Finden har ikkje hatt økologisk ost på sitt produktspekter så langt så avtalen med Hemsegarden er for dei også nypløyd mark. Osten har vore til prøvesmaking hjå kjedene og hjå Synnøve Finden sitt smakspanel, og frå fredag er osten å finne i butikkhyller omkring i landet, fyrst og fremst i byar og tettstader.

Prosjektleiar Kristin Solbakken karakteriserer osten som no er sendt ut som ein ost av typen Apezeller - ein sveitsisk ostetype, mild med ettersmak, ein raudkittost. No ventar både Hemsegarden og Synnøve Finden spent på korleis produktet blir teke i mot av kundane.








Publisert med Visto CMS News Edition   |   Nettverk levert av Transdata AS