"Håvard kan nå dei mål han vil"
![]() |
Håvare - Peter - Christoffer. Foto: Rita Stavn. |
Det er i eit intervju Radio Hallingdal gjorde med landslagstrenaren onsdag forrige veke at Peter fortel litt om møtet med Håvard eller Shadow som han kallar han. Han seier at han ser på seg sjøl som svært heldig som fekk lov å finne ein skøyteløper som Håvard og han føler seg spesielt beæra over å ha funne ein slik gut med hans talent og motivasjon som Peter ser på som heilt spesielt. "Han kan nå dei mål han vil nå og her er mykje meir i vente", seier Peter, som legg til: " Håvard kjem til å gjera ting på skøytebanen som folk i Norge aldri vil gløyme" Peter ventar seg store ting alt i vinter utan at han legg noko spesielt press på Håvard for å oppnå konkrete mål.
Om "ferskingen" Christoffer seier Peter at han så langt ser på Chris som ein type a la Ådne Søndrol - sprint og mellomdistanse. Men i år skal det satsast på all round med sikte på å få Chris på pallen under årets VM for junior som går i Innsbruck. Også Chris vil kunne nå svært langt seier Peter - men kanskje ikkje innan all round.